Skipperlogg ”Båtenvår” Seilmakeren Doublehanded 2013
For tredje gong gjekk denne regattaen nordover; frå Askøy til Florø og attende, og for tredje gong segla eg regattaen saman med Øystein Skjønborg, ”Minion”, Asker. Det å segla regatta åleine eller to i båten tilfører seglasen eit ekstra element av slit; det er unekteleg noko strabasiøst å meistra båten med så lite mannskap over så lang tid, men også av meistringskjensle; når det lukkast å få båten til å gå fort, når manøvrane, vegvala og navigasjonen lukkast, er det ekstra stor stas.
Som i fjor kom eit av dei første finversperiodane til våre kantar av landet nett i tide til Seilmakeren Doublehanded. Ikkje ein regndråpe kom det ned dei to-tre døgna det stod på, og temperaturen var heller ikkje så aller verst, sjølv om det vart temmeleg kaldt på turen nord. Det hadde også med vinden å gjera; i motsetnad til i fjor fekk vi rikeleg med motvind på første legget, og motvind av styrke frisk bris til liten kuling i nesten eit døgn trengjer til slutt gjennom det innarste laget med ull.
Starten gjekk i år kl 1130 på fredag. Verbriefinga var unnagjord kvelden før, og meteorologen fortalde oss om NV vind med styrke mellom 15-25 knop som skulle gå på N nokre timar etter start. Og mindre vind inne ved land. Medan dette kunne tolkast som ei åtvaring mot å gå for langt inn, så tala samstundes den venta vinddreiinga og ikkje minst at det var relativt tung sjø på havet for å halda seg i sunda og gå kortaste veg til Florø.
Ved starten bles det berre 8-10 knop og vi starta ut med ein G1 som forsegl. Vi såg at nokre båtar starta ut med G2 eller G3, men vi var eigentleg ikkje i tvil om at for oss ville dette vera litt for defensivt. Eit forsegl let seg jo bytta…
Det var ein start med 54 båtar på lina, og sjølv om regattasjefen hadde favorisert babord bøye noko dugeleg, så var det tett med båtar over alt. Vi var tett ved lina då skotet gjekk, men med ein stor båt utan styring og utan vind i segla like framfor oss, kom vi ikkje av flekken. Det enda med ein dårleg start i år også. Vi slo til babord så fort vi fekk sjansen for å få fri vind, og sakte men sikkert fekk vi fart i båten. Sporinga viser at vi var nede på 17. plass (av 18 i klassen) den første tida. Ikkje noko å ropa hurra for akkurat, men vi visste heldigvis ikkje kor dårleg vi segla så vi tapte ikkje motet. Etter ein times tid hadde vi segla oss opp til ein 12. plass, etter to timar til ein 10. plass. Den beste plasseringa var ein 7. plass, og det skjedde medan vi fekk eit veldig løft inne ved Askøylandet. Etter dette så heldt vi oss på denne sida av fjorden ei stund. Vinden auka sakte men sikkert og var snart oppe i 12-15 knop. Vi tok inn eit rev i storen, men innsåg at vi måtte skifta til G3, og helst før sjøen vart alt for grov. Etter tre timar henta vi opp autopiloten og let han styra oss på ein låg kurs over fjorden på storseglet, medan vi kjempa ein durabeleg kamp på fordekket. Vi hadde sett G1 på rull, og difor kunne vi ikkje heisa G3 før G1 var på dekk. Eg sat på baugen medan Øystein styrte med alt det andre. Å få ned G1 gjekk lett, sjølv om det var ei utfordring å få buksert seglet bakover og ned luka. Å få opp G3 vart ein kamp; vinden fekk tak i ei fald av seglet og drog det ut av posen og sjøen, som vaska over dekket nesten i kvar bølje, fekk tak. Med ei hand måtte eg prøva å hindra at meir av seglet gjekk ad undas samstundes som eg skulle få på plass sjakkel og feeder. Øystein sleit nok ikkje mindre på vinsjen for å få seglet opp. Då det var halvvegs oppe såg eg at skjøtet var knytt slik at seglet kom under styrelina til rullen og vi måtte knyta om. Tida gjekk og vi nærma oss Øygardslandet, men endeleg kunne vi stramma opp segla, slå, og byrja segla på skikkeleg vis att. Sporinga viser at vi hadde falt ned frå 10. til 16. plass i løpet av dette seglskiftet.
No hadde vi igjen seglføring som høvde til vinden, og vi gjekk oss opp til ein 11. plass. Feltet var godt samla, og plasseringa endra seg fort i denne perioden. Alle gjekk innom Fedje, og til vår store undring såg vi mange båtar som gjekk inn gjennom dei smale sunda i Herdlevær, ei lita øygruppe yttarst i Austrheim. Det var nok den grove sjøen lenger ut som fekk båtane til å søkja ly bak øyane. Vi var redde for at vinden skulle vera for svak lenger inn og hadde ikkje lyst til å prøva oss på eit slikt eventyr. Vinden hadde ikkje auka noko meir, og sjøen var til å leva med, tykte vi, sjølv om det var tung havdønning med toppar på då vi kom nord for Fedje og ut på opne havet. Vi gjekk Brosmeosen som dei fleste andre, innom øyar på Sognesjøen som gav litt ly for sjøen men der vinden stod fint. Etter ca 8 timars segling var vi på Sognesjøen og måtte gjera det første viktige vegvalet; skulle vi gå innom eller utom Ytre Sula? Steinsundet er smalt og vi var redde for at vinden kunne dø ut der inne. Meteorologen sine ord om lite vind innaskjærs hadde skremt oss. Vi hadde mista augnekontakt med fronten av feltet, men såg at mange båtar gjekk på NØ og hadde tenkt seg inn Steinsundet. Men vi såg også eit par båtar framfor oss som gjekk ut mot Straumfjorden utanfor Ytre Sula. Hadde vi hatt tid til å konsultera sporinga ville vi ha sett at dei båtane vi såg faktisk var dei første som gjekk ut, og då hadde vi kanskje tenkt oss om ein gong til; men vi konsentrerte oss fullt og heilt om seglinga og stakk oss ut mot havet. Slik gjekk det til at heile feltet gjekk innaskjærs, på flatt vatn og med god vind, medan vi, og nokre få andre ”tullingar”, oppsøkte problema med krapp og stor sjø utaskjærs. Vi vekselvis tok inn rev og slapp ut rev, alt etter dei lokale tilhøva, og sleit oss då framover. Det vart ein humpete seglas. Etter som vi kom i litt smulare sjø sør av Bulandet og Værlandet fekk vi igjen meir fart i båten. Plasseringa gjekk opp frå 14 til 12 plass. Vi fekk no 12-14 andre båtar innafor synsranda ettersom vi kom inn i ”stimen” av båtar som hadde gått Steinsundet, og ein del av dei var bak oss. Vi valde å stå opp sundet innafor Askrova medan nokre slo seg ut vest om denne øya. Kva som svarte seg er vanskeleg å bedømma, men eg trur ikkje vårt vegval var så hakkande gale denne gongen. I alle fall segla vi frå tre-fire båtar som vi hadde segla jamsides med ei stund, og då vi passerte Nekkøyosen like før Florø i stadig svakare vind, var vi oppe på ein 7. plass i klassen i følgje sporinga. Vinden forsvann totalt inne på hamna i Florø, og fleire av båtane bak rak forbi oss dei siste metrane over mållina. Då hadde vi segla i 19 timar og 10 minutt, og klokka var blitt 06:40 laurdag morgon. Då vi kom på regattakontoret fekk vi den triste meldinga at vi låg på ein trettandeplass. Betasuppa smaka mykje betre i fjor, då vi låg på ein 2. plass på dette stadiet av seglasen!
Vi tusla oss ned i båten og prøvde å sova litt, og dette lukkast også for ein av oss. Eg var gul og blå over heile kroppen og (nesten) totalt utsliten etter turen, men då alarmen gjekk fekk vi då kara oss opp på dekk og gjera båten i stand til neste etappe. Det var stille, og meldingane gjekk ut på lite vind frå NV nord for Sognefjorden, men aukande nordavind jo lengre sør vi kom. Vi la på G1 igjen og fann fram den største spinnakeren. Kl 10:40 starta vi, saman med 4-5 andre båtar, i lett NV. Det gjekk sakte ut gjennom skjærgarden sør for Florø. Nokre sette spinnaker tidleg, det gjorde også vi, men snart vart det for spisst for vår del og vi satsa på genuaslør. Først då vi kom ut i rom sjø og kryssa Stavfjorden kom vinden aktanfor tvers og vi heiste spinnaker igjen. Vindstyrken var berre 5-8 knop, så fort gjekk det ikkje. Nokre satsa på å gå rett til havs, nokre tok ein mellomveg gjennom Bulandet, og andre gjorde som oss, gjekk kortaste vegen innom Alden. Frøken Smilla, den einaste First 31,7 utanom oss, og som kom inn omtrent samstundes med oss (men på plassen bak pga høg rigg og høgare NOR rating), gjekk rett til havs. Det var ingen god ide skulle det visa seg, for sjølv om vi hadde lite vind inne, hadde dei endå mindre ute, og eit felt med båtar som hadde gått ut fleire timar før oss låg no nesten i ro utanfor Bulandet. No fekk dei vind også der ute, så sjølv om vi tok inn noko distanse på desse var det aldri snakk om å ta dei att. Det var nesten vindstille sør om Alden, men berre ei kort stund, så kom vinden att, og vi fekk ein fin genuaslør sørvestover mot Straumfjorden. Snart kunne vi snu nasen sørover og heisa spinnaker igjen, det bles jamt 10-12 knop, sola skein og livet var verdt å leva igjen. Plasseringa var like dårleg; 13 plass. Endeleg byrja det skje noko. Sør for Utvær byrja endeleg vinden å friskna på litt, og farten kom snart opp i 7 knop og plasseringa betra seg eit par plassar. Vinden friskna endå meir på ned mot Fedje og snart fekk vi til skikkelege surfar på havbårene. Det meste vi såg på loggen var 12.8 knop, berre 1.6 knop bak rekorden for Båtenvår. Jibbane gjekk godt, Øystein gjekk på dekk og eg styrte med sakene bak i båten (er alle 31,7-eigarar klar over at skiltet BIB under rorkulten betyr «bak i båten»?). Men etterkvart som vi kom innover i Hjeltefjorden og vinden friska på til over 25 knop byrja vi bli skeptiske til å ta fleire jibbar. Etter tretti timar segling byrja vi å bli trøytte og ukonsentrerte, og dessutan fall mørket på. Det slo godt i spinnakeren i den urolege sjøen og vi tenkte at det var betre å ofra ein plass eller to sidan vi låg så langt bak i alle fall, enn å riva eller tvinna spinnakeren i ein jibb. Så vi tok ned og sløra på G1 dei siste mila mot mål. Mykje tapte vi ikkje på dette, då vi kom i mål kl 00:18 natt til søndag hadde vi segla oss til ein 9. plass for etappe 2, og ein 13 plass samanlagt. Vi hadde segla med vinden i ryggen i vel 13 og ein halv time, og hadde brukt ein brøkdel av kreftene og energien vi bruka på vegen nord. Nedturen vart altså ein liten opptur for vår del, og då vi såg på sporinga at Frøken Smilla låg an til å koma inn halvannan time etter oss, gjekk vi til køys med eit ørlite smil om munnen.
Oppsummert kan vi vel seie at vi hadde ein flott tur. Vi brukte mykje krefter, men la også innpå dugeleg med energi; vi hadde fire varme og minst like mange kalde måltid i løpet av dei 32 timane vi segla. Loggen viste at vi på turen opp segla 112 nautiske mil, medan vi på turen ned berre segla ca 80, som er lite meir enn kortaste veg, som skal vera 75. Den viktigaste lærdomen denne gongen var vel kanskje at når det er såpass frisk nordavind, og ikkje minst når det har blese nordavind i dagesvis og sjøen er grov utaskjærs, så svarar det seg, i alle fall for oss som har ein så kort båt, å gå innaskjærs, som også er kortaste vegen. Elles kunne seglskiftet ha vore litt betre planlagt; om vi ikkje hadde hatt G1 på rullen kunne vi ha heist G3 medan G1 stod oppe, og spart mykje tid og spilte krefter på seglskiftet. Starten kunne også, som vanleg, ha vore betre enn han vart.
Så neste år, om det vert til at vi startar igjen, skal Øystein få ta starten…
To stadier i seglasen; Ein klar Øystein etter nokre få mils seglas, og ein temmeleg omtåka Harald etter ei kald natt på havet. Bileta kan også illustrera kvalitetsforskjellen på bilete teke med ein HTC One (til venstre) og ein iphone (til høgre) 🙂
Harald Gjøsæter